Opprett abonnement

Velkommen til Dyreportal.com

Med en fordelspakke på Dyreportal.com
du kan kontakte dyreeiere ubegrenset i 4 uker for bare 399 kr.

Betalingsmuligheter

Hva du får med fordelspakken

  • checkIcon Ubegrenset tilgang til kontaktinformasjon for alle annonser pÃ¥ Dyreportal.com
  • checkIcon Bli kontaktet direkte av dyreeiere
  • checkIcon Bli varslet automatisk om nye annonser.
  • checkIcon Avbryt nÃ¥r som helst etter de første 24 timene til slutten av en periode.

Abonnementet ditt kan kanselleres bare 24 timer etter kjøpet.
Hvis abonnementet ikke blir kansellert innen 4 uker, koster det 399 kr. per måned og fornyes automatisk hver fjerde uke til du sier opp.

Pris: kr.
Kontakt nå Få adgang i 3 dager for 9 kr.

Legg merke til!

Annonsen linker til et eksternt nettsted.

6823 Sandane

Søkjer ein trygg hund for selskap og tryggleik

Køn
Kjønn
-
Alder
Alder
Ukjent
Salgsklar
Salget klart kl
Nu

Rase
Ukjent

Pris: kr.
Kontakt nå Få adgang i 3 dager for 9 kr.

Legg merke til!

Annonsen linker til et eksternt nettsted.

6823 Sandane

Søkjer ein trygg hund for selskap og tryggleik Eg har eit problem som eg håpar nokon kan hjelpe meg med. Eg er ei kvinne på snart 61 år som sidan august i fjor har budd åleine saman med den snille chihuahuaen min, Leo på 10 år. Problemet mitt stammar frå noko eg opplevde då eg var 8 år gamal. Ein kveld rundt midnatt var det eit valdeleg ran i barndomsheimen min. Far min vart stygt mishandla med jarnkjettingar og kniv, og den eldste søstra mi på 14 år vart dregen etter håret ned to trapper. Eg opplevde sjølv at ein av rannmennene kom inn på soverommet, og eg såg korleis søstra mi vart mishandla. Eg høyrde korleis både framdøra og bakdøra vart sparka inn, og lyden av kjettingane dei slo far min med. Alt dette har ført til at eg i heile mitt liv har vore redd for å vere åleine om natta. Eg har prøvd ulike psykologiske behandlingar, men ingenting har hjelpt. Traumaet sit i, og etter at eg vart buande åleine, har det berre vorte verre. På grunn av sjukdomen min, MS, har eg også fått dårlegare hørsel. Det gjer meg svært utrygg om natta sidan eg ikkje høyrer noko. Eg har undersøkt med NAV om eg kan få førar- eller servicehund, men eg får beskjed om at eg først er aktuell for dette om eg hamnar i rullestol. Førebels kan eg gå nokolunde greitt med krykker. Det er hovudsakleg balansen det står på, og det er difor eg brukar krykkene. Eg har hatt hundar heile livet og er veldig glad i dyr. I fleire andre land finst det eigne traumahundar, men diverre ikkje her. No søkjer eg difor etter hjelp: Finst det nokon her, eller kjenner de nokon, som har ein mellomstor til stor hund som: Går roleg i band og ikkje dreg mot andre dyr eller menneske på tur? Er ein påliteleg og snill hund som eg kan stole hundre prosent på? Tidlegare har eg trena hundar sjølv, men det klarer eg ikkje lenger på grunn av sjukdomen. Sidan eg er uføretrygda, har eg heller ikkje råd til å kjøpe ein dyr, ferdigtrena hund. Problemet mitt er stort og det blir berre verre, men eg veit at eg vil føle meg trygg med ein større hund i huset. Det vil gjere at eg tør å sove igjen. Dette ønsket er difor veldig stort og viktig for meg, særleg sidan mangelen på søvn fører til mykje fatigue (utmattelse). Er det nokon som kan hjelpe meg med å finne ein snill og lydig hund? Rase og alder spelar inga rolle, så lenge me kan kose oss saman og eg kan stole på han eller ho. Det vil gjere kvardagen min så mykje tryggare.

Statistikk

Anmeld
Kontakt nå Få adgang i 3 dager for 9 kr.

Relaterte annonser

4354 Voll
Fôrvert
Køn
Rase
Ukjent
Alder
Alder
1 år
Salgsklar
Salget klart kl
Nu
Pris: kr.
4328 Sandnes
Pomchi vurderes omplassert
Køn
Rase
Ukjent
Alder
Alder
Ukjent
Salgsklar
Salget klart kl
Nu
Pris: 10 000 kr.
4330 Ålgård
Australian shepherd valper ventes🐾
Køn
Rase
Ukjent
Alder
Alder
Ukjent
Salgsklar
Salget klart kl
Nu
Pris: 23 000 kr.